Teksten på denne siden er kopiert fra boka Oselvar – den levande båten fra 2016, skrevet av Kjell Magnus Økland.
Boka har et kapitel Stell og vedlikehald. I dette kapitlet finner du følgende avsnitt: Oppussing av bestefarbåten, Gullbåten, Tilstandsvurdering, Ròte, Bordsprekker, Tein, Spong, Lusing, Byting av trenaglar, Byting av båtdelar, Fjerning av gammal smurning, Blåmann, Saumfaring, Klinking, Klargjering for smørjing, Tjøra, Oljing, Lakking og måling. Jeg har valgt ut tre av avsnittene. De omhandler ting som har vært viktige for oss. Boka har også to avsnitt hvor de beskriver tetting av sprekker fra innsida, trelist i Tein og krampe eller metallplate i Spong. Vi har ikke tettet på denne måten. Du må til boka for å lese om dette.
For en østlending er det morsomt å se at avsnittet hvor han skriver om ettersyn av gamle nagler, heter Saumfaring.
Oselvar – den levande båten er en imponerende bok. Absolutt alt du vil vite om båten og historien på åtte hundre sider. Løp og kjøp.
Vi har frest og tettet sju sprekker med trespiler. Beskrevet på siden Sprekker. Jeg lagde ett spor på utsiden, 5-6 mm dypt, og la inn èn luselist i dette sporet. Avsnittet nedenfor beskriver en litt mer omstendelig reparasjon. De lager en luselist med T-profil.
Jeg ville heller delt operasjonen i to steg. Først frese et litt smalt fresespor. Så lime en spile i dette sporet. Epoxylimet er fortsatt litt elastisk etter ett døgn tørketid i en vanlig norsk vår. Etter to dager ville jeg frest et litt bredere spor, ikke like dypt. Noe av første spile blir frest bort, det meste står igjen. Så liming av spile i dette bredere sporet. Det innfelte materialet får på denne måten et tverrsnitt som en T. Limet får bedre feste med en T-profil.
Lusing
Skal ein fresa halvegs gjennom bordet og fella inn en list, må båten vera tørr. Er sprekka lita, kan det være nok å saga med stikksag gjennom for å komma inn på friskt vyrke. Så kan ein sparkla opp med lim tilsett tjukningsmiddel. Anten kan ein nytta kjemisk fyllstoff, filleremser eller tørr sagmugg i limet. På mellomstore sprekker kan ein bruka ein handoverfres på utsida av bordet. Fresen har to ulike fresestål, eit smalare og eit breiare, som tilsaman freser ein T-profil i veden i bordet. Før ein fresar, festar ein ei list like ved sprekka som er like lang som sprekka og denne lista vert styringa for fresen. Ein må difor måla frå kanten av landet på fresen og inntil senter av fresen, slik at fresesporet kjem midt i sprekka. (Hos meg, 55 mm avstand, Ivar). Ofte er 15-20 mm passande breid på fresesporet. Før ein går laus på båtbordet kan det vera lurt å gjera ein prøve på eit anna bord, for å verta kjent med korleis fresen arbeider. Ikkje minst er det viktig å byrja i rett ende av sprekka, for å unngå at fresen gjer skade på både båt og handverkar.
Etter å ha reingjort sporet for anna enn frisk ved, legg ein inn ei lusinglist i sporet av tilsvarande materiale som båtbordet. Lista bør gå trangt nedi sprekka, men ikkje pressa. Inne i båten forskalar ein med limband over og rundt sprekka, slik at limet ikkje renn inn i båten. No blandar ein saman lim, herdar og tjukningsmiddel som kan vera syntetisk eller tørr sagflis som ein smør i fresesprekka. Dinest legg ein lista på plass og festar ho med skorder, små stiftar eller skruar som ein fjernar når limet har tørka. På større sprekker kan ein fresa heilt igjennom båtbordet med T-profil, og lime inn ein list frå utsida. For å få godt feste og lim inn i alle hulrom, kan det vera lurt å bruke pensel for å føra på limet. Når limet har tørka, høvlar og slipar ein utsida jamn og slett. Dermed er det berre ulik farge på veden som avslører at det er gjort ein reparasjon her. Blandar ein farge i limet, kan ein redusera fargeskilnaden, slik at reparasjonen vert mindre synleg. Blank lim vert ofte litt mørk når han vert smurd.
Fjerning av gammal smurning
Det å fjerna den gamle smurninga er ofte den mest tidkrevjande delen av båtpussen. Som regel brukar ein først skrape og varmluftpistol, dinest slipemaskin og sandpapir. Kjemisk lakkfjernar vert òg brukt. For å unngå at ein skadar borda inni båten, kan det vera lurt å runda kantane på skrapene før ein byrjar. For å koma til ulike plassar kan det vera greitt å ha ulike skraper. Skrapene må ha skarp egg og bør difor slipast jamleg. Difor kan det òg vera greitt å ha fleire eksemplar av dei skrapene som ein bruker mest. Før ein skrapar, varmar ein smurninga til ho boblar. Ein må vera varsam med å varma for store område om gangen med varmluftspistolen. Ein bør heller ikkje varma for snøgt, då er det fort gjort å få svimerke i veden. (Clas Ohlson varmliftpistol på 400 grader, kommentar fra Ivar). Ein bør òg passa på at det er god utlufting der ein står og arbeidar med båten. Når ein er nøgd med innsatsen til varmluftpistolen og skrapene, er det oftast slipemaskina som tek over som hovudverktøy. På dagens verktøymarknad finst det ei rekkje ulike slipemaskinar, men med ein eksenterslipar og ein planslipar er ein godt væpna for å slipa bort dei fleste smurningsrestane som står att. Først ein runde med grovt sandpapir, dinest kanskje ein runde med halvfint sandpapir, før den siste finpussen skjer på berr ved med fint sdandpapir. For å få ein jamn overfate utan sliperoser lyt ein slipa i treet si lengderetning. Dei fleste avsluttar pussejobben med å pussa med fint sandpapir for hand.
Klinking
Så er det tid for å setja den nye saumen. Dimensjonen på saumhòlet skal vera tilpassa saumen slik at ein kan trykje saumen halvvegs inn for hand, resten av inndrivinga skal skje med motstand i veden. Først slår ein saumen så langt inn at ein kan leggja på røet på innsida. (Vi kaller rø for skive på østlandet, Ivar). Slår ein saumen heilt inn med ein gong, er det lett for å laga eit unødig romt hòl når røet skal på. Deretter held ein mothaldet på røet og slår saumleggen vidare inn til dess røet knip inntil veden. No endrar slaglyden seg. På saumleggen inntil røet byter ein verktøy frå mothald til knipe- eller hovtang. Så slår ein 3-4 lette slag på saumhodet med klinkhammaren medan ein held leggen med lett trykk på tanga. Er det grov jernsaum, kan ein først fila eit hakk på saumleggen før ein klyper av saumleggen. Kopparsaum er så mjuk at han er lett å knipa av, medan jernsaumen ofte krev at ein må ta meir i. Ein knip av saumleggen heilt inntil røet.
Under klinkinga skal mothaldet utvendes komma med eit markert svar på kvart slag frå klinehammaren innvendes. Då må mothaldet haldast slik at det fjørar i neven. Ein finn ein god rytme der hamrane si eiga tyngd gjer mykje av arbeidet. Markerte smell, eller uklart motslag, er dårlege signal. Dei første par slaga er kritiske, det er no faren for å slå krok på saumen er størst. Difor byrjar ein klinkinga varsamt med nokre slag med det spisse eller runde hammarhodet for å kløyva og flata saumleggen utover røet. Deretter held ein fram klinkinga med den spisse pennhammaren eller den runde kulehammaren og nyttar gradvis større kraft på klinkehammaren. Ein klinkar til dess ein ser røet har trekt seg inn i veden. Når ein har jamna saumleggen godt utover røet, grovreinskar ein med knipetong før ein klinkar slett. For å oppnå eit jamnt og godt sluttresultat, bør ein forsøka å få til at klinkinga skjer med mest mogeleg lik kraft på alle saumane. og dette er ei treningssak.
Når ein er klar med all saumen som skal fornyast, bør han reinskast godt, slik at ein unngår at garn eller anna hektar seg fast. Til reinskinga kan ein nytta kjeftane i knipetanga, fint sandpapir eller ein roterande stålbørste. Ein skal likevel ikkje overdiva denne sluttreinsinga, for då kan ein svekkje haldet i klinkinga. For å hindra korrosjon som følgje av at sjøvatnet tærer på metallet i saumen, kan ein godt setja saumen inn med eitkvart før ein smør båten. Dette bør òg gjerast før langlagring på land. Som rustvern på jernsaum har mange nyta tjøre, Bengalakk, Arkanol, Blank Ferrobet eller blymønjemåling, som er ei blanding av blyoksid og blyperoksid. På kopparsaum er feitt eller vaselin ofte brukt med godt resultat.
Gå til: