Dette er kopiert fra https://www.oselvarverkstaden.no/
- Lekk båt? Sjekk saum i bord og kjøl.
- Sprekkar? Små sprekkar kan tettast med trutning. Går det meir enn tre dagar før båten er tett, når han ligg på sjøen, trengs det reparasjon. Midlertidig løysing kan være margarin (med mykje fett), eller fåretalg. Ein kan og bruke Farm, som er eit asfaltprodukt. Store sprekkar bør fresast, vidare lime inn spilar. Se video på Oselvarverkstaden.no.
- OBS: Bruk ikkje silikonbaserte tetningsstoff. Det vil føre til råteskade.
- Kan båten reddast? Sjå etter råte, alt som er råte bør skiftast. Prøv med skrujern i treverket. Tar du med båten til Oselvarverkstaden, kan båtbyggarane gje ein tilstandsrapport. Det koster 500 kroner.
- Skifte gamal saum? Hvis saumen sit fast, sett inn ny i mellom dei gamle naglane. Gå opp i dimensjon hvis du bruker samme hol til nye naglar.
- Koppar og jern? Grunna galvaniske strømningar, bør ein ikkje blanda metall. Bruk same type som er orginalt i båten.
- Rekksaum (saum i stavn som ikkje blir klinka). I hovudsak er rekksaum vanskeleg å få ut. Sett derfor ny saum i mellom.
- Tetning mellom bordgangene? Olja eller tjøra bomullstråd, hamp eller lin.
- Mellom skaringane kan du bruke material av naturfiber eller tjukt papir satt inn med oljebasert lakk eller tjøre.
- Bunnsmøring? Bruk primer rett på treverk, deretter vanleg bunnstoff. På jernnaglar kan det være lurt å bruke primer/rustmaling før du tar på bunnsmøring.
Gå til:
Gå til: